Berekraft

Samfunnet er på veg mot full openheit om korleis vi driv våre selskap og verksemder. Forventningane til at også du tek berekraftsansvar aukar raskt. Sjølv små selskap treng å vere bevisste på ansvar og korleis vi påverkar klima- og miljø, sosiale forhold og selskapsstyring.

Berekraft – kvifor skal vi bry oss?

  • Lovene endrar seg og det kjem stadig nye krav knytt til berekraft.
  • Tilgang til kapital, forsikring og partnarskap avheng av i kva grad vi kan tilpasse oss.
  • Eksterne hendingar knytt til klimaendringar kan føre til feil, økonomiske og/eller menneskelege tap og omdømmetap.
  • Tillit og tilgang til marknader kan bli svekka.

Vi hjelper – med erfaring og kompetanse

På området berekraft, jobbar eg saman med Aud Ingrid Espeland. Vi er begge ein del av Peak Sunnfjord og investeringsmiljøet i regionen. Vi har begge eit brennande engasjement for at små og mellomstore bedrifter skal lukkast med berekraftsmål og nye krav (les meir om oss lenger nede).

Alle kan gjere ein forskjell. Vårt mål er å hjelpe bedrifter og verksemder i å lukkast med berekraftige val og open og ærleg informasjon. Vi brukar vår samla erfaring og kompetanse til å få oversikt, planlegge, gjennomføre, dokumentere og kommunisere ansvar. Slik kan vi saman bidra til ei verd der folk, planeten og økonomien trivst i lag.

Om du ønsker ein sparringpartner som kan hjelpe deg i gang, så klikk på knappen under og finn ei tid for videomøte som passar for deg!

Aukande interesse

20 representantar for store og små verksemder i Sogn og Fjordane har delt erfaring og innsikt med oss. Det skjedde via eit digitalt spørjeskjema i perioden juni – august 2022. Målet var å vite meir om korleis verksemder jobbar med og rapporterer på berekraft, dele og drøfte det i lag med andre.

Les rapporten frå spørjeundersøkinga. Du kan også høyre historia om korleis Lerum jobbar med berekraft (klikk på play-ikonet under).

Anne Mette Hjelle

Eigar/rådgjevar Ymsir AS
hei@annemettehjelle.no
Tlf.nr. +47 99 28 43 02
Kontor: Peak Sunnfjord, Førde

Erfaring

Lang erfaring med media, kommunikasjon og leiing. Erfaring frå ei rekke styreverv. Tidlegare kommunikasjonsdirektør i Lotteri- og stiftelsestilsynet.

Kompetanse

Leiing, styrearbeid, berekraft, kommunikasjon og digitalisering.

Utdanning

Executive Master of Management, Handelshøyskolen BI. Årsstudium i statsvitenskap, Universitetet i Oslo. Sosialøkonomi, American University in Paris.

Relevante kurs

  • DNV: Bærekraftsrapportering etter GRI-standard
  • Governance Group: «GRI certified Training course based on the GRI Sustainability Reporting Standard» (Introduction to Sustainability Reporting and the GRI Standards, Stakeholder Engagement og Materiality)
  • GRI Academy: Reporting on Human Rights with GRI Standards 2021 Update – E-learning
  • GRI Academy: Integrating the SDGs into Sustainability Reporting – E-learning
  • Styreforeningen: Bærekraft – strategisk fokus i styrerommet

Les korleis Anne Mette Hjelle AS jobbar med berekraft i Berekraftsrapport 2021

Aud Ingrid Espeland

Partner, Vestind AS
aie@fjordinvest.no
Tlf.nr. +47 91 33 57 24
Kontor: Peak Sunnfjord, Førde

Erfaring

Lang erfaring frå selskapsleiing, kapitalforvaltning og eigarstyring. Erfaring frå ei rekke styreverv. Tidlegare banksjef i Fjaler Sparebank og revisor i PwC.

Kompetanse

Leiing, styrearbeid, berekraft, finansiering og økonomistyring.

Utdanning

Siviløkonom NHH og statsautorisert revisor. Master i Strategisk ledelse NHH.

Relevante kurs

  • Styreforeningen: Bærekraftsrapportering i praksis
  • Styreforeningen: Bærekraft – strategisk fokus i styrerommet
  • DNV: Bærekraftsrapportering etter GRI-standard